Sidemeny+

Vaskevad

Posted on 15. aug 2002 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Budeiene på Brekka bar bidne til Vaskevad for å vaske dei.

Plassering i kart

I nedre delen av Songdal heiter det Vaskevad. Dette er like før elva kastar seg nedover mot Tuftedalen. Fram til Vaskeved er det sti frå Brekka. Fleire stader er det mura veg for å gjera den tryggare for dyr og menneske. Ved Vaskevad er det eit par store dammar i elvar og fine svadberg å sitja på. Det er framleis småfisk i Songdalselva. I eldre tid vart det fiska med makk og stang fram gjennom Songdal. Namnet Vaskevad knyter seg til stølsdrifta på Brekka.
Hit måtte budeiene bera alle bidne frå stølen. Det kunne vera mjølkekoppar, bytter, strokkar og lignande. Dei vaska og skurte og bar dei ned att til stølane klare til bruk.

CC BY-NC 4.0 Vaskevad av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Vaskevad