Vanskar med buferdi i Brattefonni
Då dei skulle buføra heim frå Langedalen ein haust, fekk dei vanskar ved Brattefonni. Det var eit stort op på ein halv meter mellom fonni og fjellet. Fire mann laut lyfta kvart beist frå fonni og opp på fjellsida.
Plassering i kart
Vanskar i Brattefonni
Då dei skulle buføra heim til Vellene ein haust, fekk dei vanskar ved Brattefonni som hadde bråna frå fjellkanten. Nokre beist var komme etter, og på Brattefonni ville drivarane ta ein snøggveg for å nå buferdi att. Dyri ville ikkje la seg driva den rette vegen der drifti hadde fare føre. Helge Vellene let dei då fara. Men då dei kom til kanten av fonni, var det eit stort op på ein halv meter mellom fonni og fjellet. Der møddest dei mykje. Fire mann laut lyfta kvart beist frå fonni og opp på fjellsida. Det var eit tungt tak, men dei fekk dei vel opp alle.
Vanskar med buferdi i Brattefonni av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.