Sidemeny+

Ulukke på revejakt ved Løyningane

Posted on 20. aug 2002 by in Immateriell kulturarv

Anders Bratland frå garden Skåsheim vart blind etter ei skyteulukke på Løyningane.

Plassering i kart

Anders Bratland arbeidde fyrst som dreng på Skåsheim. Han var m. a. mykje med Kristen Eirikson Skåsheim på ymse arbeid. Ein gong var han på revejakt nær Løyningane, heimestølen på garden Tue. Då vart han roka av eit haglskot i andletet og miste synet. Det vert fortalt at han hadde på seg ei raud huva. Andre folk var på revejakt på same staden, og trudde dei såg ein rev. Før dette hende, hadde han lært seg smedarbeid. No heldt han fram med å laga vakre ting. Han fletta korger. Folk som hugsar han, undrar seg over korleis ein blind mann kunne klare slikt. Anders kunne og blindeskrift.

CC BY-NC 4.0 Ulukke på revejakt ved Løyningane av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Løyningane