Sidemeny+

Ulukke på Godtoppbreen

Posted on 20. aug 2002 by in Historie, Immateriell kulturarv

Anders Åmundson og Jo-Johans var på Godtopphesten, då Anders kom ut for ei stygg ulukke som kunne ha enda dagane hans.

Plassering i kart

Fall i bresprekk
Anders Åmundson kom ut for ei stygg ulukke som kunne ha enda dagane hans. Anders og
Jo-Johans var på Godtopphesten. I dei dagar var det bre under dette fjellet. Anders datt i ei sprekke, og Johans sprang heim etter hjelp. Han brukte to timar. Johans hadde lagt att trøya si på kanten av sprekka. Det var det som gjorde att dei kunne finne han att, for breen var stor. Dei brukte 30 famnar tog for å nå Anders.

Forfrosen
Dei batt ei lykt i toget og laga lykkje slik at han sette seg i ho og heldt seg fast. Andres var svært forfrosen, for det rann so mykje brevatn over han. Han vart kvit i både skjegg og hår etter denne hendingi. Alle tennene vart slegne lause. Dei grodde fast att, men stod i alle retningar resten av livet. Anders levde til 1918.

CC BY-NC 4.0 Ulukke på Godtoppbreen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Godtopp