Sidemeny+

Torsnesstølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Det var gamal skikk at at seli på Torsnesstølen ikkje skulle låsast. Folk som ferdast, kunne ta inn om dei måtte.

Plassering i kart

Seli skulle ikkje låsast
Det var gamal skikk at at seli på Torsnesstølen ikkje skulle låsast. Folk som ferdast, kunne ta inn om dei måtte. Tømmeret til seli skal vera hogge på haugane kring stølen. Husmannen Anders Kvina fortalde at det var hogge om lag 200 år før hans tid, det vil seia kring midten av 1600-talet.

Sværahaugen
Ved Torsnesstølen er det ein fin haug som heiter Sværahaugen. Der er det husmurar, og etter segni hadde Sværen støl her før dei byrja støla i Risbotn.

Tuftabotn
Om lag 300 meter aust for Torsnesstølen er det ein fin botn med gamle husmurar og fine beite. Staden heiter Tuftabotn.

Buføring
Fyrst i juli buførte dei ( bruk nr. 3, Olina og Erling ) til Torsnesstølen. Turen tok 4 timar. Dei var på stølen til fyrste dagane i september. Då vart det buførehelg med rømmegraut og mylse.

Stølsdrifti tok slutt
Stølsdrifti tok slutt i 1950-åri, men frå 1963 til 1968 nytta dei stølen kvar sommar. Då hadde dei vanleg stølsdrift med smørproduksjon og gamalost. Synneva Torsnes ( Grønlund) var med fyrste sommaren og lærte opp jentene til Olav og Lina Torsnes. Lina stidde og litt sjølv, men for det meste var ho heime og onna.

Siste året med beist på stølen
Alle bruki på Torsnes hadde fjellstøl på Torsnesstølen. Dei dreiv bølingane langs strondi til Sværen og vidare opp vegen gjennom Sværaskaret. I 1968 var siste året med beist på Torsnesstølen. Då køyrde dei beisti til stølen med bil. Folk frå Torsnes var alltid med på vedlikehaldet på vegen fram Sværaskaret.

CC BY-NC 4.0 Torsnesstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 722,732,733, 734
Kommune: Torsnesstølen

Torsnesstølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Den gamle ferdselsvegen over det indre Vestlandet gjekk gjennom Sværaskaret. Det hende det samla seg so mykje driftebeist i Sværen at nye drifter vart liggande å venta på Mjellshaugen, Langestølen eller Torsnesstølen.

Måtte venta på Torsnesstølen
Den gamle ferdselsvegen over det indre Vestlandet gjekk gjennom Sværaskaret. Etter gamalt hadde driftene beiterett i 3 dagar på Torsnesstølen og 2 dagar nede i Sværen. Dei fyrste driftene kom gjerne ved jonsoktider, og ferdsla varte 2-3 veker kvart år. Det hende det samla seg so mykje driftebeist i Sværen at nye drifter vart liggande å venta på Mjellshaugen, Langestølen eller Torsnesstølen.

CC BY-NC 4.0 Torsnesstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 703
Kommune: Torsnesstølen