Sidemeny+

Stølsliv på Gulleple

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

I 1861 kjøpte Anders Kristenson Kvalheim ein del av stølen Gulleple. Prisen var 10 spd. Dersom stølen ikkje kunne nyttast på tre år på rad på grunn av » naturhindringer», skulle Anders få kjøpesummen attende.

Plassering i kart

Støl i Esebotn
I 1861 kjøpte Anders Kristenson Kvalheim ein del av stølen Gulleple, eller Øvre Botn som han vart kalla, av Klaus Guttormson Grøneng. Stølen hadde vore rydda året før, og det vil seia at denne stølen vart teken i bruk i 1860. Prisen var 10 spd., og for det fekk Anders beiterett for sine beist og dei som husmennene på Kvalheim fødde. Dersom stølen ikkje kunne nyttast på tre år på rad på grunn av » naturhindringer», skulle Anders få kjøpesummen attende. I same avtalen fekk og Anders rett til part i stølen Botn og og i eit kvernstø i Botnaelvi. Fjellstølen vart rekna som felles for Grøneng og Gjerde.

Stølen
I 1914 hadde Kvalheim støl på Gulleple like under toppen ned mot Yglebotn. Der var både sel og fjøs. Det var bra beite der i eldre tid. Seinare voks det opp mykje vier. Den gamle vegen til Keipen gjekk til stølen på Gulleple og vidare til Gulleplevatnet før han tok av mot Keipen.
Selbøen under Gulleple var ikkje så stor. Det var ulendt kring selet, og dei bygde fjøs slik at dei fekk binda beisti om natti. Vegen til stølen var lang og vanskeleg, og det var strekt streng frå Gulleplestølen og ned til Esebotn. Dei sleppte av mjølki, og lasti vart automatisk oppbremsa nede. Det var Eirik Grøneng som hadde laga til det systemet.

Stølsliv
Frå Kvalheim var dei kring 3 veker på Gulleplestølen. Dei buførte til Gulleple tidleg om det var turre somrar heime. Det var helst i juli månad dei var på Gulleple. Beitetidi var 3 veker med kyr og noko lenger med geiter. Fjellstølen vart nedlagd i 1939, og det var løypestreng ned til Busete.

Skrenes hadde fjellstøl på Gulleplet
Bruk nr.3, Skrenes, hadde fjellstøl på Gulleplet. Dei rekna 1 times gonge utan beist, og tre timar når dei gjekk med dyr. Dei hadde løypestreng ned til Busete. Stølen vart nedlagd i 1920-åri. Før krigen slo dei i Småslåttene og Perskreda der det og var løypestreng.

Tre fjellstølar i Esebotn
Det har vore tre fjellstølar i Esebotn. Det var Furehaugen, Gulleplestølen og Keipastølen. Gulleplestølen var felles for Gjerde og Grøneng. I 1861 selde Klaus Grøneng ein del av stølsbeitet til Anders Kristenson Kvalheim slik at han fekk nok til eigne og husmennene sine beist. Gjerde og Grøneng skulle framleis beita på Gulleplestølen.

Forlik om stølsrettar i 1935
Gjerde hadde fjellstøl på Furehaugen i Esebotn. Alle seli der er borte. Heimestølen var på Busete (Busetereina). Etter rettsforlik i 1935 skulle stølane delast slik: På Gulleplestølen fekk Skrenes og Kvalheim ha sine stølshus, og beiti skulle gå etter dei gamle grensene for denne stølen. På Furehaugen skulle Gjerde og Hjelseng og bruk nr. 2 og 3 på Grøneng ha sine stølar. Til denne stølen høyrde Yglebotn. På Keipastølen skulle Grøneng ha sin støl, med unntak av bruk nr. 2 og 3 som fekk stølsrett på Furehaugen.

CC BY-NC 4.0 Stølsliv på Gulleple av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 491, 511,544, 552
Kommune: Gulleple