Sidemeny+

Stølsliv på Brekka

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Alt i 12-års alderen tok Anna Tuftedal til på stølen. Ho gjekk til støls om kvelden, overnatta der, og mjølka så om morgonen att. Bar så mjølka heim, 15 liter i ein koll på ryggen, og så eit spann i kvar hand.Mjølka vart separert heime, og dei produserte smør som dei leverte.

Plassering i kart

Stølsliv

Lange dagar
Heime om degen var det tungt onnearbeid å gjera, før ein langt på dag måtte ta til på stølsvegen att. Anna var ikkje verre på det enn at ho gjekk heim etter ho var ferdig med mjølkinga om kvelden -hesja så langt utetter, før ho tok på stølsveg att i seine kveldstimar.

CC BY-NC 4.0 Stølsliv på Brekka av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet nr.4 1985, side 8-10
Kommune: Brekka