Sidemeny+

Stølsliv og stølshelg i Esedalen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Ved månadsskiftet juni-juli buførte ein til fjellstølen. Det var langt til stølen og budeiene måtte overnatta i selet på stølen. Dei mjølka kyrne morgon og kveld. Budeia tong som oftast 3-4 dagar på stølen for å vinna alt. Ein fin søndag i august var det etter skikken stølshelg. For ungane var det stor stas.

Plassering i kart

Stølsliv
Ved månadsskiftet juni-juli buførte ein til fjellstølen. Det var langt til stølen og budeiene måtte overnatta i selet på stølen. Dei mjølka kyrne morgon og kveld. Budeia tong som oftast 3-4 dagar på stølen for å vinna alt. Enkelte stader gjekk dei heim to til 3 dagar i veka. Ellers var det kløvjekaren som tok med mat kvar gong han kom til støls for å kløvja heim ost, smør og mylsa, og kanskje prim av og til. Som regel var ein 8-9 veker på stølen.

Stølshelg
Ein fin søndag i august var det etter skikken stølshelg. For ungane var det stor stas. Den dagen måtte ein stå tidleg opp om morgonen. Ungane måtte traska og gå til liks med dei vaksne. Det var tungt opp Steingota og gjennom Budeieklype. Det fyrste ein fekk då ein var komen fram til stølen var rjomekopp, søt og sur mjølk, flatbrød og spekemat og hellekaker. Då samlast alle rundt ein stor flat stein oppe på Store- Huldrehaugen. Ei stund seinare på dagen var det rømmegraut, søt og sur mjølk, mylsa, spekemat og flatbrød. Deretter kaffi , hellekake og lefser.

Mjølka måtte leverast på meieriet
Seinare var det etter kvart slutt med stølshelg. Mjølka skulle leverast til meieriet kvar dag. Då måtte ein av mennene heime på garden henta mjølki om kvelden. Morgonmjølki bar budeiene med seg om morgonen.

CC BY-NC 4.0 Stølsliv og stølshelg i Esedalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet nr.1 1982, side 12-13
Kommune: Stølen i Indre Ese??????