Sidemeny+

Stølsdrift på Bruhjell

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Bruhjellsstølen var fjellstølen til garden Bruhjell. Frå Bruhjelsstølen hadde dei ein ven utsikt. Dei kunne sjå 7 kyrkjer og tre andre stølar. Plassen har alltid vore tilhaldstad for orrfugl.

Plassering i kart

Sju kyrkjer
Dei hadde so vent utsyn frå Bruhjellsstølen. Dei kunne sjå sju kyrkjer. Dei såg og tre andre stølar. Budeiene på Bruhjellsstølen kunne lett vitja skåsheimsbudeiene på Kalbakk, sandsjentene på Kisane, tuftadals- og tusjentene på Brekka. Dei fylgde med kvarandre og møttest ofte til kaffibesøk og stølskost.

Orraleik
Ved Bruhjellsstølen har det alltid vore tilhald for orrfugl, og folk snakte om orrleiken der. Per Tuftedal hadde vore der då orrane leika og skote 6 orrar ein morgon. Han stod ved selet til Erling Bruhjell.

Stølsdrifti
Kring 1.juli brukte dei å buføra til Bruhjellsstølen.
Då Hans Bruhjell var gutunge, var bruhjellskyrne ofte på beite i Fagravassdalen. Dei la seg der, og budeiene laut gå etter dei. I bakkane inn mot Raunekletten tykte dei det var godt beite. Kalvane var ikkje på stølen i Helga Bruhjell si tid. Dei var i Kalvahagen i kalvahus. Tidlegare hadde dei både ysta og kinna på stølen. Men i Helga Bruhjell si tid kløvja dei surmjølk og bar rømme heim. Dei ysta og kinna heime. Under siste krig leverte dei søtmjølk til meieriet. Stølingi tok slutt i 1947. Ragnhild Bruhjell var budeie på Bruhjelsstølen i 28 år.

CC BY-NC 4.0 Stølsdrift på Bruhjell av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 117
Kommune: Bruhjelsstølen