Sidemeny+

Stølsdrift på Balastølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

På Balastølen hadde Hittun, Sjur Bale og Hans Bale sel. Utsynet frå Balastølen er vakkert. Her ser ein vidt ikring over den fagre bydgi og fjorden.

Plassering i kart

Seli på Balastølen
På Balastølen hadde Hittun, Sjur Bale og Hans Bale sel. Hittun hadde eige sel, men dei to andre hadde sel i lag. Hittun sitt sel stod med brystet mot fjorden, og det stod i hellingi like før grovi som renn på Esefjordsida av stølen. Selet til Sjur og Hans Bale stod oppe på haugen på stølsvollen utom grovi. Det låg med langsida mot fjorden.

Vakker utsyn
På haugen ved selet til Sjur og Hans Bale samla budeiene seg når dei var ferdige å mjølka. Utsynet frå Balastølen var vakkert. Her såg dei vidt ikring over den fagre bydgi og fjorden.

Stølskve
I bakken nedom selet til Hittun var det stølskve. Der var dei oppe i 3-4 dagar og slo. Det var stuttorven som høvde best. Høyet vart sendt ned på løypestreng som var festa utanfor Kreklingen. Dei lauva og ein del kring stølskvei. Der voks det mykje bjørkeskog, og kjervane vart sende ned på strengen og turka i området kring strengspelet eller i tunet. Drifti på Balastølen tok slutt før mange andre stølar vart nedlagde. Det var truleg slutt i 1920-åri.

Sende høyet på rennestreng
I 1869 styrte dei ferske sjølveigarane, Per Eirikson og kona Brita Torsdtr., Hittun. Bruket hadde 15 mål åker og 75 mål naturleg eng. Frå Balastølen henta dei årleg om lag 60 våger høy. Når denne stølsteigen skulle nyttast, var heile familien der oppe i 3-4 dagar. Då slo dei og hesja graset. Frå stølen sende dei høyet på rennestreng ned til eit sva like nedanfor der nyeskulen er no. Hesten drog høyet til låven. På Balastølen hadde dei gjerde kring støldkveene. Om stølen skreiv heradskomiteen fylgjande: » Havnegangen er af de sletteste og mindre tilstækkelige i Herredet, har ingen Fjeldhavn.»

CC BY-NC 4.0 Stølsdrift på Balastølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 300
Kommune: Balastølen