Stølen under Gulleplet
Fjellstølen Gulleple vart nedlagd i 1939, og det var løypestreng ned til Busete.
Plassering i kart
Stølsliv
Garden Kvalheim??? brukte Gulleplestølen kring 3 veker. Dei buførte til Gulleple tidleg om det var turre somrar heime. Det var helst i juli månad dei var på Gulleple. Beitetidi var 3 veker med kyr og noko lenger med geiter. Fjellstølen vart nedlagd i 1939, og det var løypestreng ned til Busete.
Forlik om stølsrettar i 1935
Gjerde hadde fjellstøl på Furehaugen i Esebotn. Alle seli der er borte. Heimestølen var på Busete (Busetereina). Etter rettsforlik i 1935 skulle stølane delast slik: På Gulleplestølen fekk Skrenes og Kvalheim ha sine stølshus, og beiti skulle gå etter dei gamle grensene for denne stølen. På Furehaugen skulle Gjerde og Hjelseng og bruk nr. 2 og 3 på Grøneng ha sine stølar. Til denne stølen høyrde Yglebotn. På Keipastølen skulle Grøneng ha sin støl, med unntak av bruk nr. 2 og 3 som fekk stølsrett på Furehaugen.
Stølen under Gulleplet av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.