Sidemeny+

Stølen i Risbotn

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Den vanlegaste tiden å bufora til stølen i Risbotn var rundt 12. juli, og etter som det var bue i fjellet. Det kunne skifte frå år om anna og etter kor mykje snøfenner som låg att i Sværaskaret.

Plassering i kart

Bue i fjellet
Den vanlegaste tiden å bufora til stølen i Risbotn var rundt 12. juli, og etter som det var bue i fjellet. Det kunne skifte frå år om anna og etter kor mykje snøfenner som låg att i Sværaskaret.

Måtte tidleg opp
Kvelden før buførsdagen var det ikkje alltid ein kom so tidleg til ro. Stundom var ein so vidt lagd før
ein måtte stå opp att. Kl. 3 eller vel so det, måtte ein stå opp og gjera seg i stand til å fara.
Det er to mil til Risbotn, og turen tok knapt fem timar. Grunnen til at ein start so tidleg om morgonen var at soli steikte svært i «Skaret», og ein måtte vera på Kabusa før soli kom.

Kvilte på Kvilehaug
På Kvilehaug tok ein kløvi av hestane, og folki som var med stogga og åt. No var det verste av turen over. Etter kvilepausen gjekk turen over Flatfjellet før ein kom seg ned til Risbotn. I Risbotn var det 5 beite. Det var Risbotndalen som var det beste. Ellers var det Trollabotn, Blankevatnet, Strondi og Plitten med Bjørkehaugane når beisti skulle ha ein roleg dag.

Uhell med beisti
Det hende det var uhell med beisti. Ho «Farkoll» kom ikkje att frå Trollebotn ein kveld. Ein kunne ikkje finna ho. Bodstikka gjekk rundt i Sværen, og karane strauk til Risbotn. Det var «Sværa-smeden» som fann kyri. Ho hadde dotte ned i eit hol, og stod der like heil, berre med nokre skrammer på ryggen. Det var på austsida av Trollabotnvatnet.

Stølshelg
Stølshelgi var årviss. Det kunne vera 5-10 gjester i kvart sel, so då var sengene godt fullstappa. Og det var kløvhest med, so det var plass til ein i hestesalen. Han var god å liggja i, sa dei. Gjestene likte alltid best å ro nedpå vatnet om sundagen, men då det var lite om natteroi, var det ofte dei som prøvde fiskelukka si om natti og. Det var mykje fisk i Risbotnvatnet i 20- og 30 åri.

Buføring heim
Kring 8. september var det buføring heim frå fjellet. Det som ein minnast best var at det nesten alltid var regn og rusk. Men det var alltid mykje folk og humøret var på topp. Budeiene gledde seg svært til å komma heim att.

CC BY-NC 4.0 Stølen i Risbotn av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet nr. 3 1984, side 10-12
Kommune: Risbotn

Stølen i Risbotn

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

På folkemunne går det soger om korleis Sværen fekk støl i Risbotn. 12. juli var vanleg buføringsdato til Risbotn, men dette skifte med verlaget kvart år. Det var fem beite i Risbotn. Risbotndalen var best. Elles beitte dyri i Trollabotn, Blankevatnet, på Strondi og Plitten med Bjørkehaugane. Beisti beitte på Strondi i styggever og regn.

Plassering i kart

Ville hevda retten sin
I gamal tid hadde Sværen støl på Torsnesstølen. Stølshusi Sværen hadde der, stod unytta i 19 år. Det 20. året ville sværingane støla der for å hevda retten sin. Det året brann seli ned. Dei fekk ikkje støla og miste retten sin. Staden heiter enno Sværahaugen.

Likare beite i Risbotn
I eldre tid stidde ei Brita på Torsnesstølen. Ho vart ellers kalla Helvetes-Brita. Ein dag sakna ho nokre risbitbukkar og drog på leit etter dei. Ho fann dei i Risbotn. Brita meinte at beiti der var likare enn på Torsnesstølen, og ho ville flytta stølen dit.

Noko nytt og noko gamalt
Folk i dag har høyrt at Sværen fyrst stidde i Risbotndalen, og at Tor Sværen flytta seli ned i sjølve Risbotn. Då han og drengene bygde, kom nokre sunnfjordingar og spurde: » Kva nytt er det du no finn på, Tor i Sværa? «. » Noko nytt og noko gamalt «, svara Tor. Sunnfjordingane meinte Tor burde slutta med dette, med han svara: » Å, det blir vel ikkje gjort med det»

Båt i Risbotn
Sværen hadde båt i Risbotn. Siste båten vart dregen opp kring 1925. 6 mann arbeidde med det ei jonsoknatt. Båten vart nytta til vedføring og til fiske.

Buføring til Risbotn
12. juli var vanleg buføringsdato til Risbotn, men dette skifte med verlaget kvart år. To hestar frakta utstyr for 8 stølsveker. Folk stod opp kl. 3 buføringsmorgon. 5-6 hestar og 45 storfe skulle til støls. Turen tok knapt 5 timar.

Fleire beite i Risbotn
Det var fem beite i Risbotn. Risbotndalen var best. Elles beitte dyri i Trollabotn, Blankevatnet, på Strondi og Plitten med Bjørkehaugane. Beisti beitte på Strondi i styggever og regn. Då kunne dei finna ly i bjørkeskogen. Vegen til Trollabotn går over fleire elvar. Då sat budeiene i båt og såg at kyrne kom vel over.

Ulukker med beisti
Av og til hende det ulukker med beisti. Ei ku datt i eit hol, men etter lang leiting fekk dei ho uskadd laus. Det var på austsida av Trollabotnvatnet. Hillerbøen miste ei ku i Trollabotn i 1918, og Jørgen husmann miste ei i 1921. I 1933 miste Sværasmeden ei, og Ivar miste ei i 1937. Ho vart sporlaust borte. I 1890 måtte ein hest slaktast etter beinbrot.

Stølshelg
Stølshelgi i Risbotn var årviss. Då låg det gjerne 5-10 gjester i kvart sel. Ein sov i kløvsalen. Ein sundag kvar sommar var budeiene i Risbotn nede og helsa på dei som stidde på Langestølen.

Lammi vart stengde inne om natti
Framme i Risbotndalen står enno murane etter seli der. Der stod og Lambahuset. Då vart lammi stengde inne om natti for at dei skulle få mjølk or sauene om morgonen.

Frå stølsproduksjon til vinterproduksjon
Husmennene i Sværen hadde eige stølssel fram til kring 1910. Skreda tok det, og restane vart nytta til ved. Ikring 8. september buførte folki i Sværen heim att. Kring 1890 starta meieriet i Sværefjorden i stovehuset hjå Mons Farnes. Meieriet påskunda utviklingi frå stølsproduksjon til vinterproduksjon. Foringi vinterstid tiltok i Sværen for å få mest mogeleg att for meierisesongen. I 1947 slutta Nils med støling i Risbotn. Foreldre og grannar tukte dette bar over. Men motviljen gav seg. Dei sparte budeie, og heimestellet kaste meir av seg.

CC BY-NC 4.0 Stølen i Risbotn av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 694-695
Kommune: Risbotn