Sidemeny+

Stølar i Esebotn

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

I 1935 vart det inngått semje om korleis stølsrettane i Esebotn skulle delast mellom gardane Grøneng, Gjerde, Kvalheim og Hjelseng.

Plassering i kart

Dei hadde løypestreng ned til Busete
Bruk nr.3, Skrenes, hadde fjellstøl på Gulleplet. Dei rekna 1 times gonge utan beist, og tre timar når dei gjekk med dyr. Dei hadde løypestreng ned til Busete i dalbotnen. Stølen vart nedlagd i 1920-åri. Før krigen slo dei i Småslåttene og Perskreda der det og var løypestreng.

Forlik om stølsrettar i 1935
Gjerde hadde fjellstøl på Furehaugen i Esebotn. Alle seli der er borte. Heimestølen var på Busete (Busetereina). Etter rettsforlik i 1935 skulle stølane delast slik: På Gulleplestølen fekk Skrenes og Kvalheim ha sine stølshus, og beiti skulle gå etter dei gamle grensene for denne stølen. På Furehaugen skulle Gjerde og Hjelseng og bruk nr. 2 og 3 på Grøneng ha sine stølar. Til denne stølen høyrde Yglebotn. På Keipastølen skulle Grøneng ha sin støl, med unntak av bruk nr. 2 og 3 som fekk stølsrett på Furehaugen.

CC BY-NC 4.0 Stølar i Esebotn av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 511, 552
Kommune: Busete