Snøstorm på Munkeggi
På Munkeggi kom snøstormen ein gong då dei buførte heim. Vegen snødde ned, og Helge SJøtun kunne ikkje sjå kvar buferdi hadde fare.
Plassering i kart
Snøstorm
Då dei skulle buføra heim ein haust, vart dei snøstorm på Munkeggi. På Vellene hadde dei ei ku som gjekk so seint. Helge Vellene laut fylgja den kui. Buferdi gjekk fort, og då Helge kom opp på Brattefonni, såg han ikkje buferdi att. På Munkeggi kom snøstormen. Vegen snødde ned, og Helge kunne ikkje sjå kvar buferdi hadde fare. Han tok då i kurumpa og heldt seg godt fast. Kui tok rette vegen. Han kom vel fram. Då han kom til Nonsskard, var det solskin.
Snøstorm på Munkeggi av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.