Sidemeny+

Slåttemark opp mot Tjugatoten

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Utmarki til garden Kvalheim er bratt og vanskeleg og ligg i lii opp mot Tjugatoten. Dei hadde steng frå ein stad oppe under Tjugatoten.

Plassering i kart

Løypestreng frå Tjugatoten
Anders og Gjertrud Kvalheim???hadde det meste av slåtten på heimebøen. Dei hadde steng frå ein stad oppe under Tjugatoten. Der var det og tomter, truleg etter løer. Dette var slutt tidleg i dette hundreåret.

Bratt og vanskeleg utmark opp mot Tjugatoten
Utmarki til garden Kvalheim er bratt og vanskeleg og ligg i lii opp mot Tjugatoten.
Dei lauva heile lii på tvers over garden. Dei hogg og byved som dei selde. Under krigen fekk kommunen hogga mykje ved på ein teig i lii på Kvalheim. Dei tok då ut ein 30-40 mål av god vedskog. Etter det var skogen nokso uthoggen.

CC BY-NC 4.0 Slåttemark opp mot Tjugatoten av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 495
Kommune: Tjugatoten