Sidemeny+

Skrenesholten

Posted on 21. aug 2002 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Skrenes hadde slåttemark oppover lii og løypestreng frå Skrenesholten. I eldre tid hadde dei ei liti hytte i Skrenesholten som dei overnatta i når dei onna.

Plassering i kart

Løypestreng frå Skrenesholten
Skrenes hadde slåttemark oppover lii og løypestreng frå Skrenesholten. Slåttemarki der låg minst 600 meter over havet. Der slo dei og lauva mykje. Råhøyet sende dei oftast heim på streng, men det kunne og skje at det vart turka der oppe.

Overnatta i Skrenesholten
I eldre tid hadde Skrenes ei liti hytte i Skrenesholten som dei overnatta i når dei onna. Ho var mura av stein og hadde torvtak, og inni var det køyar. Dei låg turt, og utanfor hadde dei grue der dei laga mat.

Usamde om merki i lii ved Skrenesholten
Skrenes vart rekna som ein farleg skredstad. Etter segni var to systrer grannar på Skrenes og Kvalheim i eldre tid. Dei var usamde om merki i lii ved Skrenesholten. Under eit hardt torever slo lynet ned, og all skog brann opp heilt ned til buhagen. Etter den tid hadde systrene mindre å tretta om, med skredfaren auka då skogen var borte.

CC BY-NC 4.0 Skrenesholten av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 508,509
Kommune: Skrenesholten