Sidemeny+

Skredene på indre Farnes

Posted on 21. aug 2002 by in Ymse

I 1867 eller 1871 gjekk skreda i Holtagjelet. Ho tok med seg vasshjulet og maskinhuset, for vidare på båe sider av gamletuner og heilt til sjøen i Vetleøyri. Stovedøri gjekk full av snø, og dei kom seg ikkje ut.Det gjekk ei ny skrede i Holtagjelet nokre år seinare. No gjekk det verre med tunet på garden. Bustadhuset vart skadd, og løe, fjøs og stall vart rivne bort.

Plassering i kart

Stovedøri gjekk full av snø
Anders Hermundson Farnes har fortalt at på dette bruket (bruk nr. 2) hadde dei treskemaskinfør 1870. Maskinen var bygd med sua trommel og driven med vasskraft. Vasshjulet var bygt inn med eit lite hus. Då skreda gjekk, flaug hanen opp på biten og tok til å gala endå dette var midt på føremiddagen.

Bustadhuset vart skadd, og løe, fjøs og stall vart rivne bort
Det gjekk ei ny skrede i Holtagjelet nokre år seinare. Årstalet vart oppgjeve til 1877. Det var den store snøvinteren med påfygjande sein vår. No gjekk det verre med tunet på garden. Bustadhuset vart skadd, og løe, fjøs og stall vart rivne bort. Etter dette vart tunet flytt inn på Neset der husi står i dag. Bustadhuset vart bygt på nye tufter i 1878 og påbygt i 1904. Fjøset vart bygt i 1889 og ombygt i 1926.

CC BY-NC 4.0 Skredene på indre Farnes av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 630
Kommune: Holtagjelet