Sidemeny+

Siste bjørnen på Dale

Posted on 21. aug 2002 by in Dyreliv

Knut Kristofferson Dale fekk høve til å køyra siste bjørnen på Dale til tuns. Det gjekk slik til:

Plassering i kart

Bjørnen sov voffermessedag
Knut Kristofferson Dale fekk høve til å køyra siste bjørnen på Dale til tuns. Det gjekk slik til. Bjørnen hadde lege i hi i Svartevassdalen i Vetlefjorden. Etter gamalt av skulle bjørnen snu seg i hiet kyndelsmessedag og forlata hiet voffermessedag. Per Mel var ved hiet 8 dagar føre voffermesse. Då sov bjørnen. Bjørnen sov voffermessedag og. 8 dagar etter såg Per at han var borte.

Bjørnen låg på ein stein i Trolluri
Ola Johan E. Torsnes såg far etter bjørnen i Holtadalen, og han varsla Åmund Rendedal og nokre andre karar. Dei drog til Dalsdalen. Der låg bjørnen på ein stein i Trolluri. Ein gjekk på, og dei andre fekk livet av bjørnen. Dei drog bjørnen ned Alterskori til dalen. Knut køyrde han heim, og dei flådde han i naustet på Dale. Dette var kring 1885.

CC BY-NC 4.0 Siste bjørnen på Dale av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 660
Kommune: Alterskori