Sidemeny+

Sandsstølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Sandsstølen var heimestølen til garden Sande. I fjellet over Sandsstølen skal det syna spor etter ei gyger.

Plassering i kart

Stølsdrift
I månadsskiftet juli/august lauva dei 1 veke kring heimestølen Sandsstølen. Då var heile huslyden med. Kjervane vart turka og lagde i rauk. På føri om vinteren køyrde dei lauvet heim. I eldre tid overnatta dei og på heimestølen. Dei buførte til Sandsstølen midt i juni. Dersom dyri byrja å «liggja vekke», var det tid å dra til fjellstølen. Eit år sende dei og 3 kyr til støls i Romedalen i Fjærlandsfjorden. Stølsdrifti tok slutt i 1950-åri.

Spor etter gyger
I fjellet over Sandsstølen skal det syna far etter ein stor menneskefot. Folk trudde det var ei gyger som hadde fare der. Berget i Ragnildakleiv syner eit liknande steg. Det er om lag midt i vegen frå Vellene til Balastølen. Dei trudde gygri hadde stige frå Ragnildakleiv til rinden under Blåhella.

CC BY-NC 4.0 Sandsstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 184-185, side 276
Kommune: Sandsstølen