Sidemeny+

Såg bjørnen bada i Ljotåna

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Harald Ulrik Svedrup d. y. var og prest i Balestrand. Som ung student gjekk han ein dag til stølen i Grisagrø og spurde budeia kvar han best kunne få sjå ein bjørn. Ho gav han det råd å setja seg på eggi med utsyn over Ljotåna og Esedalen. Han so gjorde og bjørnen kom.

Plassering i kart

Såg bjørnen bada
Kring 1875 kom stud. theol. H.U. Sverdrup til Gresagrø. Han sa til budeia Synneva Ese at han hadde hug å sjå bjørn. Han spurde kvar ho trudde han helst måtte gå. Ho gav han det råd at han skulle gå opp i Moldskar og setja seg der med utstsyn over Ljotåna og Esedalen. Der er nokre slette bakkar. Sommardagen var fager. Sverdrup fann seg ein stad med godt utsyn og sette seg til å venta. Då han hadde sete der ei lita stund, kom bjørnen. Det var ein varm sommardag. Bjørnen ville svala seg og tok seg eit godt bad i ei lita tjørn. Dette tykte Sverdrup av ei morosam oppleving. Etterpå gjekk han ned att til budeia og fortalde dette. Han tykte han hadde fått eit flott minne frå fjellet.

CC BY-NC 4.0 Såg bjørnen bada i Ljotåna av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet 1-1983, side 12
Kommune: Ljotåna