Sidemeny+

Risbotndalen

Posted on 21. aug 2002 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Folk i dag har høyrt at Sværen fyrst stidde i Risbotndalen, og at Tor Sværen flytta seli ned i sjølve Risbotn

Plassering i kart

Noko nytt og noko gamalt
Folk i dag har høyrt at Sværen fyrst stidde i Risbotndalen, og at Tor Sværen flytta seli ned i sjølve Risbotn. Då han og drengene bygde, kom nokre sunnfjordingar og spurde: » Kva nytt er det du no finn på, Tor i Sværa? «. » Noko nytt og noko gamalt «, svara Tor. Sunnfjordingane meinte Tor burde slutta med dette, men han svara: » Å, det blir ikkje gjort med det».

Fleire beite i Risbotn
Det var fem beite i Risbotn. Risbotndalen var best. Elles beitte dyri i Trollabotn, Blankevatnet, på Strondi og Plitten med Bjørkehaugane. Beisti beitte på Strondi i styggever og regn. Då kunne dei finna ly i bjørkeskogen. Vegen til Trollabotn går over fleire elvar. Då sat budeiene i båt og såg at kyrne kom vel over.

CC BY-NC 4.0 Risbotndalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 694
Kommune: Risbotndalen