Sidemeny+

Perskredfjellet

Posted on 21. aug 2002 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Ein gang Albert Tveit gjekk i skogen, fann han kol og brende stokkar om lag 800 meter oppe i lii under Perskredfjellet. Då vakna tankane om denne segni som Hans og Kari Skrenes hadde fortalt.

Plassering i kart

Fann kol og brende stokkar
Skrenes vart rekna som ein farleg skredstad. Etter segni var to systrer grannar på Skrenes og Kvalheim i eldre tid. Dei var usamde om merki i lii ved Skrenesholten. Under eit hardt torever slo lynet ned, og all skog brann opp heilt ned til buhagen. Etter den tid hadde systrene mindre å tretta om, med skredfaren auka då skogen var borte.
Ein gang Albert Tveit gjekk i skogen, fann han kol og brende stokkar om lag 800 meter oppe i lii under Perskredfjellet. Det såg ut som brende osp- eller seljestokkar. Då vakna tankane om denne segni som Hans og Kari Skrenes hadde fortalt.

CC BY-NC 4.0 Perskredfjellet av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 509
Kommune: Perskredfjellet