Sidemeny+

Påfunn

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Fjellstølen til garden Dale heiter Påfunn. Påfunn ligg fremst i Dalsdalen om lag 500 m o.h. Frå Påfunn går det gamal veg til Risbotn.

Plassering i kart

Kokte 12-13 kilo ost kvar dag
Fjellstølen til garden Dale heiter Påfunn. Påfunn ligg fremst i Dalsdalen om lag 500 m o.h. Frå Påfunn går det gamal veg til Risbotn. Sommaren 1939 stidde Borghild Haugen på stølen i Dalsdalen. Dei hadde då mange geiter, og budeia måtte ysta geitost. På det meste kokte dei 12-13 kilo ost kvar deg. Denne sommaren hadde Borghild ansvar for 50-60 mjølkegeiter. Dei hadde 30 leigegeiter, resten høyrde til bruket. Dei hadde og 14 kyr medrekna kårkyrne. Gunvor, syster til Olav Torsnes, gjekk til stølen kvar dag og hjelpte til med arbeidet. Hausten 1946 slutta dei med geiter. Då var det vanskeleg å få tak i geitebudeier.

Stølstid
I 1939 buførte dei geitene til heimestølen 19.mai, kyrne kom noko seinare. Til Påfunn drog dei kring midten av juli. Dei var på Påfunn til slutten av august. På den tid slo dei og stølskvei på heimestølen. Dei ville helst ha utsikt til godt ver før dei slo stølskvei. Det var 3 mann som slo, og kvinnfolki vende og snudde høyet. Dei tok til i 4-5-tidi om morgonen. Det dei slo til middag, fekk dei i hus føre soleglad neste dag. Graset var ikkje so grovt, og det turka lett. Når arbeidet stod på, kom budeiene frå stølen med mylse og rømmegraut. Høyet var lagra i stølsløa og drege heim på kjelke eller med hest og slede om vinteren. Dei hogg og mykje ved. Når føret var godt, arbeidde dei hardt både med ved og høykøyring.

CC BY-NC 4.0 Påfunn av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 648, 662
Kommune: Påfunn