Nystølskaret
Vegen til Nystølen gjekk gjennom Nystølskaret og vart bygd i 1880-åri. Den fyrste vegen gjekk over eggi og ned på stølen.
Plassering i kart
Åtte båt i lag
Vegen til Nystølen gjekk gjennom Nystølskaret og vart bygd i 1880-åri. Den fyrste vegen gjekk over eggi og ned på stølen. Dei kløvja til Osen, og derifrå vart alt frakta med båt. Kvart bruk hadde sin eigen kløvjestein i Osen, men dei var saman om båten. Bruki på Mel åtte framårane, og to bruk på Langeteig åtte kvar si bakår. Om vinteren stod båten i naustet i Osen. Naustet står enno.
Gamal veg
Riksveg 5, Gaularvegen, går gjennom Nystølskaret. Men den vegen som var mest brukt i gamal tid, var vegen gjennom Sværaskaret. Den var kortare. Begge desse overgangane ligg på ca. 760m o.h..
Nystølskaret av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.