Nystølen
Bruk nr.1, Mel. Bruket hadde sel og fjøs på Nystølen. Selet var bygt opp att i 1922, fjøset i 1939. Stølsjentene låg på Nystølen heile sommaren. Der laga dei gamalost og kinna smør. Dei slutta å støla i 1957.
Plassering i kart
Buførte fyrste veka i juli
Bruk nr.1, Mel. Bruket hadde sel og fjøs på Nystølen. Selet var bygt opp att i 1922, fjøset i 1939. 200 meter frå Nystølen, mot Vetlefjorden, heiter det Gamlestølsmyrane. Der var dei gamle stølstuftene. Til Nystølen buførte dei fyrste veka i juli. Då hadde dei slege tjukkengi. Heim kom dei til vanleg ei god veke ut i september.
Slutt på Nystølen i 1957
Stølsjentene låg på Nystølen heile sommaren. Der laga dei gamalost og kinna smør. Smøret skulle leggjast i store smørambarar. Desse gjekk til faste handelsmenn i Bergen, og ambarane vart sende attende. Dei slutta å støla i 1957.
Åtte båt i lag
Vegen til stølen gjekk gjennom Nystølskaret og vart bygd i 1880-åri. Den fyrste vegen gjekk over eggi og ned på stølen. Dei kløvja til Osen, og derifrå vart alt frakta med båt. Kvart bruk hadde sin eigen kløvjestein i Osen, men dei var saman om båten. Bruki på Mel åtte framårane, og to bruk på Langeteig åtte kvar si bakår. Om vinteren stod båten i naustet i Osen. Naustet står enno.
Verhardt
Stølsjentene måtte ro over vatnet til fastsett tid for å møta kløvkarane heimanfrå. Når det var storm og uver, hende det ofte att karane måtte gå til støls og ro varene til Osen. Var uveret svært hardt, måtte dei gå til stølen med hestane, men dette var svært skjeldan.
Buferdi starta tidleg om morgonen
Buferdi starta tidleg om morgonen. Dei let vera å mjølka ei ku slik at dei kunne ha mjølk når dei kom fram. Fyrste stopp på ferdi var Bårddalsmyrane. Siste stopp var ved Osen. Der vart kløvi lasta over i båten. Ved Osen hadde alle eit felles måltid. Var det regn, heldt dei til inne i naustet.
Etter måltidet i Osen, rodde husbonden og seterjenta over vatnet og fram til stølen. Jenta eller budeia vaska då heile selet, og husbonden sette separatoren på plass.
Samla buferd heim om hausten
Hestekarane var dei fyrste som drog heimover att. Dei som skulle ta seg av dyri, måtte no jaga dei på rett veg, og so beitte dei seg til støls sjølve. Kalvane var ikkje med fyrste buferdi. Dei kom noko seinare, med alle var i samla buferd heim om hausten.
Hesten slo seg i hel
Kring 1930 miste bruket ein hest under kløvjing til Nystølen. Det var tre hestar i fylgje oppover stølsvegen. Mannen med fyrste hesten stoppa for å kvila på ein knubbe, og då måtte dei andre og stogga. Då slo den fyrste hesten opp og trefte hesten på bruk nr.1. Hesten datt i Bårddalselvi med kløvi, og dyret slo seg i hel.
Nystølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.