Nonskardurdane
Når ein går fra Raudmelen mot Nonsskard går stien eit langt stykke gjennom eit område med mykje grov stein. Heile dette partiet heiter Nonskardurdane. Her kunne dei og mellomlagra avdrott frå Langedalen på siste huren heim den sommaren.
Plassering i kart
Nedst i urdane ligg det nokre store steinar eller hellarar. Detvar vanleg å buføra heim frå Langedalen i månadskiftet august-september. Dagen før dei skulle buføra heim, kløvja dei avdrott frå Langedalen og fram til Nonskardurdane og la den under desse store steinane. Nestedag kom dei med buferda og tok så alt saman med seg ned til bygda.
Nonskardurdane av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.