Sidemeny+

Mykje bjørn i Esedalen

Posted on 21. aug 2002 by in Dyreliv

I eldre tid vart bjørnen ofte sett i Esedalen. Her er nokre soger frå den tidi.

Plassering i kart

Såg binne med to ungar
Brita Ese, dotter til Knut Hansson, stidde i Esedalen. Tidleg ein morgon såg ho ei binne med to ungar som for opp Styggagjelet. Den største ungen klarte seg godt, med den minste skreik. Binna tok han på ryggen.
Gjertrud Hansdtr. Ese (gift Thue) såg og ein gong ei binne med ein liten unge i Esedalen. Dei gjekk i so bratt lende at ungen ikkje klarde å følga mori. Då tok binna ungen i kjeften og sette han på ryggen sin. Der sat han som grodd fast.

Trudde det kom to svarte grisar
Kristi Reset stidde i Esedalen som liti jente. På denne tid hadde dei svarte grisar. Kristi sa til mori at det kom 2 svarte grisar. Mora såg straks at det var 2 bjørnar. Dei drog fram Geitaskeda til Ljotånelid

Bjørnen bar geiti på ryggen
Ein gong såg folk at bjørnen tok ei geit, kasta ho på ryggen og bar ho bort i urane i Nonskardli. Geiti remja mykje. Av og til datt ho ned av ryggen, men bjørnen tok ho i ryggen og kasta ho opp att.

Sprang ikring med neverloge og bles på lur
Bjørnen heldt seg mykje på Styggafjellet. Der gjekk sauene ofte. Det hende dei miste to sauer om natti. Då var det bjørnen som hadde vore der. Då kom sauene alltid farane heim på selbøen. På heimestølen i Ese tok bjørnen ein haust ein sau på ei sauekve. Når kyrne tok til å gaula om nettene, sprang budeiene ikring med neverloge og bles på lur.

Skaut på likt
I 1881 skaut dei to bjørnar i Halsali i Esedalen. Det var 3 mann, m.a. Nils Rendedal og Per Mehl. To mann skaut på likt etter teljing. Bjørnane var nett komne or hiet, og dei dreiv og para seg. Bjørnane vart dregne på snøfennene ned dalen. Derifrå vart dei kjøyrde med to hestar. Hestane var svært urolege. Då tok ein mann og smurde mulen med bjørneblod. Då vart hestane rolege.

Sprang etter gravid kvinne
Ein gong sprang ein bjørn etter Mons-Synneva i Ese. Ho gjekk med barn. Mannen og drengen slo i Esekveene. Bjørnen hoppa over grindi, og med same hogg dei långorvane i han og tok livet av han.

CC BY-NC 4.0 Mykje bjørn i Esedalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 427/428
Kommune: Esedalen