Sidemeny+

Keipen

Posted on 19. aug 2002 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Fjelltopp på 1426 meter. Bakom Keipen, inn mot Bjørnabreen er det 1464 m.o.h. Frå Balestrand ser fjellet ut som ein båtkeip, og det er grunnen til namnet. Keipen er høgste fjellet kring Balestrand og Esefjorden, og har vore eit turmål for folk i bygda.

Plassering i kart

Den kortaste vegen til Keipen er opp frå Esebotn. Her går det gamal stølsveg frå inst i botn ved Grønebakkane og fram på høgre sida av Botnaelva og opp til eit vad der stien kryssar over elva att mot venstre.
Vidare er det ikkje merka sti, men likevel bra lende å gå i. Denne turen er bratt. Tek ein same vegen nedatt, er det svært viktig å finna vadet der stien kryssar over elva att.

CC BY-NC 4.0 Keipen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Keipen