Kambaholene
Nær toppen av Raudmelen, mellom eggi mot Ese og øvst i Blåhellegjelet er det eit søkk i lendet eller ein liten dal. Dette vert kalla Kambaholene. I eldre tid hadde dei det merke at når siste snøfonna her var på storleik med ei ku, då tok det til å verta beite (verta bue) i Langedalen, og dei kunne ta til å tenkja på å buføra dit.
Plassering i kart
Kambaholene
Kambaholene av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.