Sidemeny+

Kaldosstølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

I 30-40åra vart stølsdrifti på Kaldosstølen teke opp att, etter å ha lege nede ei stund. På stølen vart det laga mykje god geitost og fint fjellsmør. I dei magre krigsåra gjekk folk den lange vegen på 5-6 timars gonge for å få 1 kg ekte geitost

Plassering i kart

Tok opp att drifta
I 30-40åra vart stølsdrifti på Kaldosstølen teke opp att, etter å ha lege nede ei stund. Faren til Maria Farnes ????? bygde då opp ei ny stølsbu ved Kaldosvatnet, og der var det eit yrande stølsliv nokre sumrar. Der var både kyr, geiter, sauer og hestar.

Produksjon av geitost og fjellsmør
På stølen vart det laga mykje god geitost og fint fjellsmør. Osten og smøret som vart laga på stølen, vart frakta på hesteryggen mot Høyanger. Det siste bratte stykket ned mot Høyanger brukte dei trallebana til kraftsambandet. I dei magre krigsåra gjekk folk den lange vegen på 5-6 timars gonge for å få 1 kg ekte geitost. Det siste året det var stølsdrift på Kaldosstølen var i 1945. Etter den tid var det berre sauene som bufora dit bort.

CC BY-NC 4.0 Kaldosstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet nr.5 1981, side 10-11
Kommune: Kaldosstølen