Sidemeny+

Hytta til idrettslaget

Posted on 20. aug 2002 by in Ymse

Idrettslaget si hytte på Kallbakk vart mykje brukt i åra 1950-60, då særleg i påsken. Hytta var alltid open, og dei som overnatta der hadde ansvar for at det var varmt der. Hytta hadde eigen kjøkken avdeling, der forbipasserande kunne lage seg varm mat.

Plassering i kart

Hytta var mykje brukt i påsken
Idrettslaget si hytte på Kallbakk vart mykje brukt i åra 1950-60, då særleg i påsken. Hytta var alltid open, og dei som overnatta der hadde ansvar for at det var varmt der. Hytta hadde eigen kjøkken avdeling, der forbipasserande kunne lage seg varm mat. Ved til matlagingingen fann dei i ei bjørkeli mot Raudmelen.

Ungdommen møttest på Kallbakk
Johannes Bøe hugsar godt påskane på Kallbakk. Straks påsken kom, møttest ungdommen på Kallbakk. Dei gjekk gjerne opp på Kallbakk onsdag før påske og var der til 2.påskedag. Ungommen frå Holmen gjekk opp på Balastølen , så Nonskard før dei kom til Kallbakk. Undommen frå Tue gjekk opp på Brekka og bort på Kallbakk.

Skirenn
På Kallbakk hadde dei skirenn. Dei hadde utforløype som starta nedanfor Store Raunekletten og gjekk ned til Kallbakk. Ofte gjekk folk frå Kallbakk og bort til Fagravatnet. I området rundt Fagravatnet møttest gjerne opptil 30-40 personar, både eldre og yngre.

Skrymt på Kallbakk
Undommane hadde det kjekt på Kallbakk i påsken. Kviknehytta låg ikkje langt unna, og der budde det og ungdommar. Ei natt bestemmde dei som budde på Kviknehytta seg for å skremma dei som sov på Kallbakk. Dei dekka seg til med laken og gjekk bort på Kallbakk i måneskinnet. Når dei på Kallbakk såg dei, vart dei vitskremde. Dei trudde det var skrymt som hadde oppsøkt dei.

CC BY-NC 4.0 Hytta til idrettslaget av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Kallbakk