Sidemeny+

Huldre i Esedalen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Esedalen er rik på folkeminne. Det er den mest minnerike stølsdal i Balestrand. Etter segnene krydde der av huldre.

Plassering i kart

Folkeminner
Esedalen er rik på folkeminne. Det er den mest minnerike stølsdal i Balestrand. Etter segnene krydde der av huldre, og der var to kjende huldrehaugar. Ein ved Vårstølen og ein framme ved Fjellstølen. Folket trudde dei berre kunne vera i seli sine den vanlege tiden. Ellers var det huldrene som skulle vera der.

Måtte gjera huldrene blide
Beist vart inntekne og ting kom bort. Når noko var kome bort og de trudde huldrene hadde teke det, var det gamal tru at dei kunne gjera huldrene blide ved å spela på hugen deira. Ved Huldrehaugen på Vårstølen spelte dei framatt ein spytekrok, som kom bort på ein underleg måte. Ei budeie i Esedalen var brydd av ein huldrekar. Han kom inn i selet hennar og bles i grua so glørne dreiv fram på golvet.

Hadde budd budeia til brud
Ei anna segn som vert fortalt er om » Esegjiklet». Den prydelege brudekruna og fagre brudebunaden som dei fekk i Ytre Ese, då huldrene hadde budd budeia til brud i Esedalen.

Huldri hjelpte han
Ei segn fortel om ein gut som var på ferd i høgfjellet attum Gresagrø. Det kom tett skodde, og han kunne ikkje finna heim att. Mat hadde han ikkje med seg, og han heldt på å setja livet til. Han kom so fram til ei liti tjørn. Der sette han seg ved strandi. Han var so svolten og trøytt at han tenkte han ikkje hadde kraft til å koma seg derifrå. Då høyrde han ei røyst, som nemnde namnet sitt, og han kjende seg ikkje lenger heilt aleine. Det gav han nytt mod. Han signa vatnet. So bad han Fader Vår tre gonger. Deretter drakk han av tjødni. Ved det fekk han ny kraft, og han kom seg vel heim.

CC BY-NC 4.0 Huldre i Esedalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet nr.3 1985, side 14-16
Kommune: Esedalen