Sidemeny+

Hugleik døydde like før jul

Posted on 21. aug 2002 by in Immateriell kulturarv

I Sværaskaret finn me minnesmerket over Hugleik Tungøen frå Olden. Hugleik hadde fare den lange vegen frå Olden til København for å bera fram klage på prosten i Innvik. 8 dagar før jul i 1706 tok han ut frå Sværen, onnig etter å nå heim til julefred. Han nådde aldri Olden.

Plassering i kart

Omkom i Sværaskaret
I Sværaskaret finn me minnesmerket over Hugleik Tungøen frå Olden. Hugleik hadde fare den lange vegen frå Olden til København for å bera fram klage på prosten i Innvik. Hugleik fekk medhald i saki si, og 8 dagar før jul i 1706 tok han ut frå Sværen, onnig etter å nå heim til julefred. Han nådde aldri Olden. Ferdi hans fekk ein tragisk ende i ulande snøstorm i Sværaskaret.

Ferdselsveg frå nord
Minnesmerket etter Hugleik Tungøen fortel oss fyrst og fremst at den gamle ferdselsvegen frå nord gjekk forbi garden Sværen, og det gamle rekkjet knytte bygdelagi i Sogn og Sunnfjord i hop. Gjennom dette skaret gjekk det og årvisse fedrifter.

CC BY-NC 4.0 Hugleik døydde like før jul av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 684
Kommune: Sværaskaret