Sidemeny+

Holtaskreda tok husi på plassen Dalsviki

Posted on 21. aug 2002 by in Bygning, anlegg og arkitektur, Ymse

Like før jul eit år, truleg i 1850-åri, hadde Hans vore i Førde på militærøving. Heime sat huslyden og venta faren heim til jul. Då losna Holtaskreda og tok husi på den vesle plassen.

Plassering i kart

Holtaskreda losna og tok husi på den vesle plassen
Korporal Hans Anderson Mel budde på Dalsviki frå 1827 då han gifte seg med dotteri på plassen, Anna Antonusdtr. Dale. Om han og huslydentek me med ei hending som har levd på folkemunne i Dale i over 100 år. Like før jul eit år, truleg i 1850-åri, hadde Hans vore i Førde på militærøving. Heime sat huslyden og venta faren heim til jul. Då losna Holtaskreda og tok husi på den vesle plassen. Alle vart berga. Då Hans kom heim, fann han heimen sin borte. Hans hadde naust og båt nede i fjøra. Båten vart fylt med snø, seinare fann dei ein lauvring framme i rongi.

CC BY-NC 4.0 Holtaskreda tok husi på plassen Dalsviki av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 656
Kommune: Holtaskreda