Sidemeny+

Geitestøl i Langedalen

Posted on 21. aug 2002 by in Bygning, anlegg og arkitektur

Frå 1930-åri og utover leigde Anders Gjerde geitebeite i Langedalen. Dette var naudsynt for å avlasta beiti i Esebotn.

Plassering i kart

Måtte avlasta beiti i Botn
Frå 1930-åri og utover leigde Anders Gjerde geitebeite i Langedalen. Fyrst støla han i Botn, og so drog han med geiteflokken opp Yglebotn og til Langedalen. Dette var naudsynt for å avlasta beiti i Botn. På ettersommaren beitte dyri på nytt i Esebotn. Ein gong han skulle heim frå Langedalen, kom han ut for snøver og måtte snu. Han tok då flokken ned til Nessane og inn langs strondi.

CC BY-NC 4.0 Geitestøl i Langedalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 551
Kommune: Esebotn