Sidemeny+

Gamlestølen og Selberhaug

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Framme i Skåsheimsdalen heiter det Gamlestølen og Selberhaug. Dette var gamle heimestølar for dei to bruki på Skåsheim.

Plassering i kart

Stølsdrift på dei gamle heimestølane
Framme i Skåsheimsdalen heiter det Gamlestølen og Selberhaug. Dette er gamle heimestølar for dei to bruki på Skåsheim. Før 1800 hadde bruk nr.1 støl på Selberhaug og bruk nr.2 støl på Gamlestølen. Etter 1800 flytte dei til nye stølar nærmare tunet. Der heiter det i dag Heimestølen. Det var stølskveer på Selberhaug og Gamlestølen.Desse vart laga til utmark att når dei flytte. På Gamlestølen syner enno murane etter dei gamle stølskveene. Budeiene overnatta på Gamlestølen, men ikkje på Heimestølen. Då fekk dei ta meir del i arbeidet på garden.

Høyet vart stole
På Gamlestølen stod det ei løe inne i ei kvei. Ho vart kalla Selberhaugløa. Brukarane slo i Holtaskaret og bar høyet inne i denne løa. Vinteren 1870 var det sterk skare. Ei natt vart alt høyet i løa borte. Det synte ikkje spor i skaren. Då slutta dei å bruka løa. Gjerdet kring kvei bar kvinnene heim til ved. Lauvet på Gamlestølen vart frakta heim vinterstid på føri.

Stølshelg
Når det var stølshelg på Skåsheim, tok ungdommen ut til Raudmelseggi, Igdedalseggi og Nonskard. Konene kokte til dei på stølen. Kvar jonsoksfta dansa dei på Selberghaug. Sundagskveldane laga dei ofte dans på Rynken.

CC BY-NC 4.0 Gamlestølen og Selberhaug av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 145-146
Kommune: Gamlestølen og Selberhaug