Sidemeny+

Fjellstølen Galdane

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Fjellstølen på Tjugum heiter Galdane og ligg mellom Tjugum og Farnes, ca. 500 m o.h. Der var dyri frå jonsok til slutten av august. Kring 1700 budde det og folk her.

Plassering i kart

Fjellstølen Galdane
Fjellstølen på Tjugum heiter Galdane og ligg mellom Tjugum og Farnes, ca. 500 m o.h. Der var dyri frå jonsok til slutten av august. Før 1930 låg budeia på stølen og ysta og kinna. Seinare vart mjølki kløvja heim kvar dag. Under krigen laga dei gamalost og smør i Galdane. Det tok om lag 1 1/2 time frå tunet til stølen. På Galdane var det både sel og fjøs. Då meieriet i Holmen tok til med sommardrift, rodde bøndene som stølte på Galdane, mjølki over Esefjorden. I 1950 vart stølsdrifti nedlagd. Stølshusi på Galdane er haldne ved like. I 1988 fekk delet nytt tak.

Slått på Galdane
På Galdane slo dei i juni/juli før kyrne kom dit. Her var det vanleg med 3-4 dagars arbeid for 2 mann og 2 jenter. Høyet vart turka og hatt inn i Galdaløa. Om vinteren førte dei høyet til Galdastoi med rodde. Dette var ei not bundi av børatog med maskevidd på 20×30 cm. Den stappa dei full av høy slik at ho såg ut som ei 3 meter lang pølse. Ho kunne vera opp til 1 eller 1.5 meter i diameter.

Fekk 25 øre kvar tur
Hans Distad ??? Har fortalt at at ein sommar gjekk han annankvar kveld til Galdane og henta eit spann mjølk til bispinna i Eikedalen. Han var då 10 år, og fekk 25 øre kvar tur.

CC BY-NC 4.0 Fjellstølen Galdane av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 574, 580, 583, 601
Kommune: Galdane