Sidemeny+

Fjellstemmne på Torsnesstølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Sommaren 1923 var det fjellstemne på Torsnesstølen. Det var Rognald Hestebeit frå Gaular og Andrias Ulvestad frå Vetlefjorden som var festtalarar. Ellers var det mykje song og fleire som hadde ordet.

Plassering i kart

Mykje folk
Sommaren 1923 var det fjellstemne på Torsnesstølen. Det var folk etter alle stiar. Sunnfjordingane kom oppover Storebotn. Frå Vetlefjorden rak det folk over alle haugar. Ein flokk på ca. 20 stk, med Andrias Ulvestad i brodden, kom ned Vetle-Eikjadalen. Dei hadde gått opp ved garden Eiki. Folk frå Balestrand kom opp Sværaskaret. Sværefjordingane var helst komne på Torsnesstølen kvelden før. Dei store stølshusi var stappfulle av folk.

Samarbeid mellom ungdomslag
Det var Sogn og Sunnfjord kristelege ungdomsforbund ved lokallaga i Gaular og Vetlefjorden som stod for tilskipinga, men no var og dei frilynde ungdomslagi i Sværafjorden, Viksdalen og Vetlefjorden med. Det skulle syna seg å skapa store forviklingar.
Det var Rognald Hestebeit frå Gaular og Andrias Ulvestad frå Vetlefjorden som var festtalarar. Ellers var det mykje song og fleire som hadde ordet. Alf Hoff spelte fele.

Vart slutt på stemnene
Det vart slutt på stemnene på Torsnesstølen. Fyrst under krigen vart tradisjonen teken opp att, då ved Holmevatnet i Storebotn. Der vart det bygd ei stor hytte ved stemneplassen.

CC BY-NC 4.0 Fjellstemmne på Torsnesstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Gulleplet nr.4 1984, side 15-16
Kommune: Torsnesstølen