Fjærestadstølen
Fram til utskiftingi i utmarki hadde Vellene teig under Fjærestadstølen. Der lauva dei og sette lauvrauk. På grunn av knappe beite på Balastølen hadde bølingane derifrå høve til å beita 2 dagar i veka med gjetar i lii over Fjærestadstølen.
Plassering i kart
Lauvrauk under Fjærestadstølen
Fram til utskiftingi i utmarki hadde Vellene teig under Fjærestadstølen. Der lauva dei og sette lauvrauk. Raukeplassen var like under stølen. Dei lauva ein dag og rauka ein dag. Rauki måtte vera drenerte slik at det ikkje seig vatn i lauvet. Lauvet vart og turka før dei rauka det. Før og etter jul drog dei lauvet heim på sloe. Dei kunne ta 3-4 tju på kvar sloe, og 2 mann drog. Når det var kramsnø, drog dei gjerne ned litt ved der dei seinare skulle ta lauvet. So let dei vegen setja seg før dei tok lauvet. Dei tok det ned til Feten og drog det inn på handkjerre. I vintrar utan snø måtte dei bera lauvet.
Høve til å beita 2 dagar i veka med gjetar i lii over Fjærestadstølen
Innanfor Fjærestadgrovi var det sett opp ein torvgard som var i forlengingi av Sjøtunselvi. Torvgarden var so høg at kyr ikkje kom over. På grunn av knappe beite på Balastølen hadde bølingane derifrå høve til å beita 2 dagar i veka med gjetar i lii over Fjærestadstølen.
Fjærestadstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.