Sidemeny+

Fantefylgje på Torsnesstølen

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Eldre folk hadde fortalt at kring 100 år før deira tid hadde eit stort fantefylgje lagt seg til på Torsnesstølen. Dei heldt til der i lenger tid og herja på ymse vis til stor skrekk for budeiene.

Plassering i kart

Til stor skrekk for budeiene
Anders Johannesson Torsnes, husmann på Torsnes, fortalde i si tid til Ola Endreson Torsnes ymse hende som han hadde høyrt frå stølstidi på Torsnesstølen. Eldre folk hadde fortalt at kring 100 år før deira tid hadde eit stort fantefylgje lagt seg til på Torsnesstølen. Dei heldt til der i lenger tid og herja på ymse vis til stor skrekk for budeiene. Dei tok det dei ville av stølsprodukt, og det hende dei slakta av buskapen.

Bles i lur frå Kabusa
Ein dag mangla mange av geitene, og budeiene bad fantane om lov til å gå å leita etter geitene. På denne turen fekk ei budeia høve til å varsla folk heime på garden om at dei og buskapen var i stor fare. Det vert fortalt at budeia bles i lur frå Kabusa, ein stor stein øvst i Sværeskaret. Frå stølen til Kabusa er det ein halv times snøgg gonge. Frå Sværen til Kabusa er det ein og ein halv times snøgg gonge.

Drog med hestar og godt væpna
Då bøndene i Sværefjorden fekk høyra faresignalet frå Kabusa, drog dei med hestar og godt væpna til stølen for å fanga eller jaga fantane. På denne tid hadde både Sværen og Torsnes støl på Torsnesstølen. Fantane gav seg over utan kamp. Mennene vart bakbundne og festa til salane på hestane med reip.

Nytta alle høve til å spenna imot stein og tubber
Frå stølen og opp til Varden er det 600 meter motbakke. Her nytta fantane alle høve til å spenna imot stein og tubber, men dei måtte fylgja med til toppen der varden står. Turen gjekk vidare heim klyvjevegen til Sværen. Derifrå vart fantane sende med båt til lensmannen.

Over 30 fantar hadde slege leir
Seinare fekk dei og vanskar med fantefylgje på Torsnesstølen. Vegen mellom Sunnfjord og Sogn gjekk forbi stølen. Den gongen fekk og budeiene varsla, og folk kom mannsterke for å jaga dei vekk. Då bygdefolket kom til Varamyrane nær Varden, hadde fantane slege leir der. Dei drog då friviljug ned til Sværen og vidare frå bygd til bygd på sitt vis. I det fylgjet var det over 30 personar med menn, kvinner og barn.

CC BY-NC 4.0 Fantefylgje på Torsnesstølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 721-722
Kommune: Varamyrane