Sidemeny+

Fagravassdalen

Posted on 19. aug 2002 by in Jordbruk

Foto: Jørgen Hundseth, 2002.cbn

Fagravatnet med Fagravassdalen og utsyn fram mot Nonskard. Toppen til høgre er Store Raunekletten, i midten ser med Nonsskardsholten og lengst bak ser me i Spenane. Oppe til venstre ligg Igdedalseggi.

Dalen frå Fagravatnet og fram til Nonsskard. I eldre tid vart dette rekna for gode beiteplassar for sauer og storfe. Storfe frå stølane til Bruhjell og Tue kunne trekka like fram her på ein dag.

Plassering i kart

Budeiene måtte leita etter buskapen kvar kveld
Budeiene på stølane Bruhjell og Brekka var heime å arbeidde på gardane om dagen. Når dei kom til støls att i kveldinga, visste dei ikkje kvar buskapen var. Hadde dei trekt like fram til Fagravassdalen i løpet av dagen, hadde dei ein bra tur for å finna dei før dei kunne jaga dei heim til stølane. Då stod mjølkinga for tur.

Gode beite mot Store Raunekletten
Då Hans Bruhjell var gutunge, var bruhjellskyrne ofte på beite i Fagravassdalen. Dei la seg der, og budeiene laut gå etter dei. I bakkane inn mot Raunekletten tykte dei og det var godt beite.

Mindre beitande dyr i dag
I dag er det lite beitande dyr i Fagravassdalen. Storfe ser me ikkje meir, og det er og mest slutt på sauehaldet. I 2002 er det berre 2-3 gardbrukarar som har sauer som av og til beiter i dette området. Fagravassdalen har vore beitemark i mange hundre år. Kanskje går det mot slutten på den tradisjonen.

CC BY-NC 4.0 Fagravassdalen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Fagravassdalen