Sidemeny+

Dugnad på vågagard

Posted on 21. aug 2002 by in Jordbruk

Saltruna bak Balastølen var det farleg lende. Storfe for i so bratt beite at dei ofte trilla av. Til vern mot dette hadde dei vågagard. Vågagarden skulle avskjera beisti so dei ikkje kom på dei mest farefulle stadane.

Plassering i kart

Vågagard til vern
I Saltruna bak Balastølen var det farleg lende. Storfe for i so bratt beite at dei ofte trilla av. Til vern mot dette hadde dei vågagard frå Geitastigen over Strondi til Njupen. Derifrå gjekk vågagarden i ein stor boge ned mot Ese. Vågagarden låg so opp forbi Styggagjelet over Ese. Ved Styggagjelet var det laus mark, men gode beite so beisti gjekk der ofte. Vågagarden skulle avskjera beisti so dei ikkje kom på dei mest farefulle stadane.

Snøen gjorde ofte skade
Snøen kunne ofte gjera skade på vågagarden. Snøtyngdi reiv gjerdet ned eller trykte det saman. Det skulle difor mykje vand (ris) til for å halda gjerdet i stand. Dette arbeidet laut gjerast kvar vår. Dei som hadde buskapen sin på Balastølen og Fjærestadstølen, hadde plikt til å vera med på dette.

Bøndene var saman om arbeidet
Bøndene var saman om heile arbeidet. Dei hadde ikkje kvar sitt stykke. Per Hittun vart rekna som leiar. Han sa til når arbeidet skulle verta gjort. Dei var so menge menn med i arbeidet at dei gjorde garden ferdig på ein dag.

Tungt arbeid
Ved Balastølen voks stor sprake som låg godt i garden og var varig. Dei hogg sprake der og bar på ryggen inn til vågagarden til dei kom til Njupen. Det var tungt arbeid. Frå Njupen og innetter hogg dei vand i Saltruna i skogateigane til bøndene i Ese. Dei likte det ikkje. Men det var so gamal rett at dei ikkje kunne seie noko imot det endå dei som gjorde vågagarden, for stygt med skogen. Det var ikkje kløyvande tre i skogen langs vegen frå Njupen og innetter.

CC BY-NC 4.0 Dugnad på vågagard av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Forfattar: Bind II, side 276
Kommune: Njupen