Drikkevatn frå Fagravatnet
Fagravatet sett frå Igdedalseggi med utsyn mot utløpet og mot Sognefjorden og Vangsnes. Utløpet er regulert slik at ein skal kunne utnytta vatnet best mogeleg. Det er idyllisk kring utløpet av Fagravatnet, og i eldre tid samla folk seg ofte her i samband med stølshelg og liknande.
Balestrand kommune bygde vassverk i 1912. Vasskjelda var Fagravatnet med tilsiget frå Nonskard og fennene opp mot Munkeggi.
Plassering i kart
Kjem det turrfrost om vinteren, frys elvane til og vatnet vil og frysa på vegen ned mot bygda. I slike periodar kan det verta mangel på vatn til vassverket. Det same kan skje i svært varme og turre somrar når fennene i Fagravassdalen og i Nonskard smeltar.
Drikkevatn frå Fagravatnet av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.