Driftevegen over Sværaskaret
Den gamle ferdslevegen mellom Sunnfjord og Sogn gjekk gjennom Sværaskaret. Vegen vart mykje nytta til fedrifter.
Plassering i kart
Drifteveg
Den gamle ferdselsvegen mellom Sunnfjord og Sogn gjekk gjennom Sværaskaret. Etter gamalt hadde driftene beiterett i 3 dagar på Torsnesstølen og 2 dagar nede i Sværen. Dei fyrste driftene kom gjerne ved jonsoktider, og ferdsla varte 2-3 veker kvart år. Det hende det samla seg so mykje driftebeist i Sværen at nye drifter vart liggande å venta på Mjellshaugen, Langestølen eller Torsnesstølen.
Vegen kunne vera vanskeleg
Vegen ned frå Sværaskaret var vanskeleg fleire stader. Han kunne vera so trong at berre eit beist kunne passera om gongen. Om lag midt i skaret var Idlasvaet. Det var eit sleipt og skrått sva. Det hende beist gleid utfor her og miste livet. Folk slo jarnboltar i berget og la ein stokk over for å førebyggja slike ulukker.
Ville koma velflidde til gards
Nær bøgarden i Sværen ligg Lusagrovi. Det er ei liti oppkome som aldri turkar inn. Der kvilte ferdafolk frå Sunnfjord, og dei skifte gjerne klede. Dei ville koma velflidde til gards.
Ved sokkasteinen tok folk av seg sokkane og kom berføtte ned til Sværen.
Kom på grisehandel
Eirik Nordnes frå Norane i Sogndal var den siste som kom ned Sværaskaret med fedrift. Det var i 1906 eller1907. Vegen gjennom Sværaskaret var godt vegval for andre enn driftekarane. Det var ferdsle heile året. Vinterstid kunne sunnfjordingar koma til Sværen på grisehandel. Dei for kring på gardane og kjøpte seg smågrisar. Grisungane bar dei heim att i sekker.
Handels- og bytesamkvem over Sværaskaret
På etterjulsvinteren, kring kyndelsmesse, drog folk opp Sværaskaret. Dei skulle nordover på handel. Sunnfjordingar kom og over skaret om vinteren og handla fisk og sild. Ofte hadde dei med seg ymse husflidsting som målatøy og svarvabidne. Prisen på svarvabidne vart fastsett på det viset at seljaren fekk det fylt med bygg utan omsyn til storleik.
Skipa til dugnad
Då vegsambandet over til Vadheim kom, og seinare veg over Gaularfjellet, minka ferdsla over Sværaskaret mykje. Den gamle vegen vart til nedfalls. Sommaren 1979 skipa bygdefolket i Sværen og på Torsnes til dugnad for å få den gamle vegen sett i stand og farande på nytt.
Fekk gode ferdaynskje
Når folk forlet Sværen på veg mot skaret, fekk dei gjerne fylgjande gode ferdaynskje frå folki der:
» Vårherre vara dykk for svartantran og trippelur og skjerranvipp og kastanrus og alt vondt som går att og fram i Sværaskaret. Han vara dykk og for gaupe, ulv, bjørn, oter og rev.»
Driftevegen over Sværaskaret av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.