Den gamle vegen til Keipen om Gulleplestølen
Den gamle vegen til Keipen gjekk til stølen på Gulleple og vidare til Gulleplevatnet før han tok av mot Keipen.
Plassering i kart
Ulent terreng
Den gamle vegen til Keipen gjekk til stølen på Gulleple og vidare til Gulleplevatnet før han tok av mot Keipen.
Tre fjellstølar i Esebotn
Det har vore tre fjellstølar i Esebotn. Det var Furehaugen, Gulleplestølen og Keipastølen. Gulleplestølen var felles for Gjerde og Grøneng. I 1861 selde Klaus Grøneng ein del av stølsbeitet til Anders Kristenson Kvalheim slik at han fekk nok til eigne og husmennene sine beist. Gjerde og Grøneng skulle framleis beita på Gulleplestølen.
Forlik om stølsrettar i 1935
Gjerde hadde fjellstøl på Furehaugen i Esebotn. Alle seli der er borte. Heimestølen var på Busete (Busetereina). Etter rettsforlik i 1935 skulle stølane delast slik: På Gulleplestølen fekk Skrenes og Kvalheim ha sine stølshus, og beiti skulle gå etter dei gamle grensene for denne stølen. På Furehaugen skulle Gjerde og Hjelseng og bruk nr. 2 og 3 på Grøneng ha sine stølar. Til denne stølen høyrde Yglebotn. På Keipastølen skulle Grøneng ha sin støl, med unntak av bruk nr. 2 og 3 som fekk stølsrett på Furehaugen.
Den gamle vegen til Keipen om Gulleplestølen av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.