Sidemeny+

Dammen i Rognaldstjørni

Posted on 20. aug 2002 by in Immateriell kulturarv, Landskap

Rognaldstjørni har fått namn etter Rognald Hagen som budde på Bruhjell. Han hadde sagbruk i Skåsheimselvi. Når det var lite vatn i elva, gjekk han fram til Rognaldstjørna og sleppte meir vatn ut gjennom ei demning han hadde laga.

Plassering i kart

Rognaldstjødni
Det går eit rekkje frå Bruhjellsstølen og fram til Fagravatnet. Om lag halvvegs mellom på denne strekkja ligg Rognaldstjødni. Tjødni er djup og svart; myrdraget ligg heilt ned til vasskanten. Utløpet er i dag mykje tildekka med vierkjerr. I august finn ein lett dei moltene ein vil ha rundt denne tjødni.

Tjødni har vore oppdemd
Dersom du ser deg godt rundt, vil du snøgt leggja merke til at tjødni ein gong har vore oppdemd. Så langt strekte kulturlandskapet seg. Mannen som i si tid regulerte denne tjødni, dreiv sagbruk i Skåsheimselvi. Han vart til dagleg kalla Rognald i Hagen. Småbruket hans låg i Bruhjellshagen.

Nytta i turkeperiodar
Ofte kunne Skåsheimselvi turka mykje ut, og det var vanskeleg å få sagbruket til å gå. Difor var det alså at Rognald hadde sett seg ut denne tjødni og fann også at turkeperiodar kunne nyttast ut ved å demma den opp. Rognald Hagen, som kom til grendene her frå Sunnfjord, løyste problemet med den turre elvi. Difor gav han også namn til denne tjødni som ligg og blenkjer i soldagen.

Det daglege brødet var alltid kostesamt
Namnet på tjødni fortel også om slitet og kvardagane til forfedrene våre. Bakkane er tunge opp bruhjellslii. Det daglege brødet var alltid kostesamt. Me tenkjer på dette kvar gang me strekkjer oss i moltelyngen ved Rognaldstjødni.

CC BY-NC 4.0 Dammen i Rognaldstjørni av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Rognaldstjørna