Dalsdalen god beitedal
Fjellstølen til garden Dale heiter Påfunn. Påfunn ligg fremst i Dalsdalen om lag 500 m o.h. Frå Påfunn går det gamal veg til Risbotn.
Plassering i kart
Fjellstølen Påfunn
Fjellstølen til garden Dale heiter Påfunn. Påfunn ligg fremst i Dalsdalen om lag 500 m o.h. Frå Påfunn går det gamal veg til Risbotn.
Gode beite
I 1865 kom heradskomiteen og såg på bruk nr.1, Dale. Dei rike beiti i Dalsdalen vart og vurderte av komiteen, og fekk utan atterhald av noko slag attesten «gode og tilstrekkelige». Komiteen understreka at det vart nytta «en stor Mengde» lauv og ris av bjørk og rogn.
Krosshaugfossen
Midtvegs i Dalsdalen ligg Krosshaugfossen. Der vidar dalen seg ut og viser fram gode beiteområde og mykje lauvskog. I eldre tid var her rike lauv- og slåtteteigar. Dalsdalen er flat, og ein reknar at det er om lag 300 mål dyrkbar jord der.
Dalsdalen god beitedal av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.