Busetereina i Esebotn var heimestølen til Gjerde
Rundt 1940 bygde Anders Gjerde fjøs framme i Busetereina, og det fjøset stod like fram til snøskreda i januar 1994.
Plassering i kart
Rundt 1940 bygde Anders Gjerde fjøs framme i Busetereina, og det fjøset stod fram til 1994. Det var delt i to. Den venstre delen av huset inneheld skot i fyrste høgdi og stove- og opphaldsrom i andre høgdi.
Den høgre delen av huset er fjøs, kyrafjøset i fyrste høgdi og geitafjøset i andre. PÅ det meste hadde dei 4-5 kyr og 100 geiter. Om morgonen i 5-6-tidi kom geitene med fulle jur, og då måtte budeia stå klar med mjølkebytta. Dei kokte geitost, og Anders laga seg ei innretning slik at dei kunne røra osten med vasskraft. I enden av geitafjøset var det avkjølingsrom for geitemjølki.
Busetereina i Esebotn var heimestølen til Gjerde av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.