Sidemeny+

Bjørnegildra

Posted on 20. aug 2002 by in Dyreliv

I Bjørnegildra eller Gildrestigen la dei ut sjølvskot for bjørn. Gildre var namnet på ei innretning der ei børsepipe var festa til ein trestokk. Frå avtrekkaren var det strekt ein streng som så gjekk på tvers av stien der ein venta at bjørnen ville gå.

Plassering i kart

På fjellet over Nonskardurdane, mot fjellet Spenane, gå det ei smak skore i fjellet. Her heiter det Bjørnegildra eller Gildreskora eller Gildrestigen. Der la folka på Skåsheim ut sjølvskot i eldre tid. Kristen Eirikson Skåsheim og Anders Bratland la ein gong ut skot for bjørn i Gildrestigen. Dei fekk bjørnen til å gå langs strengen. Skotet gjekk av, og kula gjekk forbi nasen hans.

CC BY-NC 4.0 Bjørnegildra av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Bjørnegildra