Sidemeny+

Avtale om vatnet frå Fagravatnet i 1847

Posted on 28. aug 2002 by in Arbeidsliv

Ei gamal segn fortel at det skal ha skjedd drap som følgje av usemje om rett til vatn frå Fagravatnet. Nedom Fagravatnet deler elva seg og renn vidare både til Skåsheimelva og Flesjeelva. Det er lett å regulera slik at det renn meir til den eine eller den andre. Her heiter det Vasskiljet. Torsdag 11. november 1847 kom gardbrukarane i Stokkebø, Tuftedal, Flesje, Bruhjell, Skåsheim og Sande same hjå oberstløytnant Meidell i Flesje for å kom afram til ein avtale. Strid og usemje skulle no avløysast av ordna former. I nyare tid har trongen for kvernvatn minka, men trongen for drikkevatn ført til nye diskusjonar om vatnet frå Fagravatnet.

Plassering i kart

Mest naturleg vatn til Skåsheimselva
Dei vart samde om å byggja demning der elvi deler seg nedom Fagravatnet. Vatnet hadde naturleg laup 2/3 til Skåsheim og 1/3 til Flesje. Avtalen lydde vidare slik:
«… naar det indedemte Vand skulde bruges, skulde Sande, Skaasheim og Bruhjeld som nu kaldes den Indre Gaard have Ret til at benytte Vandet 4-fire Dage og Tuftedal, Flesje og Stokkebøe – her kaldet den Ytre Gaard – hver gang i 2 Dage. I hver Gaard udnevnes en Formand, der åreligt ombyttes efter Tour i Gaardene. For den Indre Gaard valgtes for Aaret 1848 Hans Sande og for den Ytre Gaard Hans Stokkebø.

Lars Skåsheim hadde rive demning
Naar Demningen er ferdig, pålegges det begge Formend Paasynet med at det naturlige Møde for Vandet som Lars Skaasheim i sin tid har bortrevet af ham erstattes af en dertil passende Jord- og Steenbygning. Naar ingen af Indre eller Ytre Gaard agter at benytte Vanddemmingen til Qvernebrug, anmelder han det 6 Uger førud for vedkommende Formand hvis Pligt det er strax at
underrette sine Medeiere i Elven, saavel som Formanden i den andre Gaard. Hvem der skal løse Vandet og efter Afbenyttelsen igjen demme det, bestemmes hver gang af vedkommende Gaards Formand.

Med påhalden penn
Den Gaard som benytter Vandet har Ret til at tage saa godt som mulig til den Elv i hvilken samme benyttes, men den som tilsiges igjen at demme Vandet efter Afbenyttelsen er tillige pligtig at borttage de Sagemidler som dertil er blevne brugte. Han anmelder igjen til sin Formand strax naar saadant er skeet og Formanden underretter igjen sin andre Formand derom.»
Det vart og innført mulkt for å opna luka utan løyve frå formann. Hans Helgeson Sande, Johannes Kristenson Skåsheim og Kolbein Sjurson Tuftedal skreiv sjølve under avtalen. Lars Olson Skåsheim, Per Nilsson Bruhjell og Hans Jonson Stokkebø skreiv under med påhalden penn. Det var det vanlege på denne tid. Skrivekunsten var ikkje folkeeige.

Drikkevatn
Etter at Balestrand kommune bygde vassverk ved Skåsheimselva vart etter kvartd ette viktigaste bruken av vatnet. Gardskvernene vart og mindre nytta, og me fekk ulike bygdemøller som tok over malinga. Etter kvart vart det og slutt med korndyrkinga på gardane i Balestrand. Dei siste åra har ein vurdert nytt vassverk for Balestrand fordi vatnet frå Fagravatnet ikkje er nok når det er turke eller turrfrost. Dette trass i at kommunen har skote ut eit veit i Vasskiljet som no tek mest mogeleg vatn mot Skåsheimselva. Som me ser har Vasskiljet vore ein omstridd stad.

CC BY-NC 4.0 Avtale om vatnet frå Fagravatnet i 1847 av gunnar@urtegaard.no er lisensiert under ein Creative Commons Namngjeving-Ikkje-kommersiell 4.0 internasjonal lisens.

Kommune: Vasskiljet